UNGDOMSKORET RESPONS

Respons er eit kreativt og inkluderande kristent ungdomstilbod med fokus på sang og musikk.

Her får ungdom frå 8. klasse til 3. vidaregåande utvikle seg både musikalsk, kreativt, sosialt og åndeleg. Vi øver kvar måndag kl. 19.00 – 21.15 på Emblem bedehus.

Koret har eit variert repertoar, frå moderne salmar til gospel, pop og andre uttrykk. Fleire av sangane er skrive av musikalsk leiar Arild Berstad. Respons har òg eige band og ei teknikargruppe som styrer lys og lyd.

Vi opptrer jamleg på ungdomsarrangement og ved andre arrangement gjennom året som konfirmasjon og julegudsteneste. Det skal vere lav terskel for å bli med, og vi ønsker alle nye varmt velkomne med i koret. 

Sommarturen er årets høgdepunkt der koret reiser på turné i inn- og utland.

Les meir på ungdomskoret.com

Ungdomskoret Respons på Facebook