BARNEKORET TUSENFRYD
Barnekoret Tusenfryd er eit barnekor for 1.-7.klasse som øver kvar mandag i partallsveker, kl. 17.30-18.30. Koret vert leia av Marianne Meland Ødegård og Anna Urstad. Det er i hovud sak barn frå Emblem og Flisnes med i koret.
Koret opptrer gjennom året på ulike arrangement på bedehuset, og på ulike arrangement åleine eller saman med andre kor.
Øvelsane består av oppvarming, øving på gamle og nye sangar, samt pause med frukt og leik. Det er plass til fleire barn i koret og det er berre å møte opp på øving.