SANG OG MUSIKK
Sang og musikk er ein viktig del av Bedehuskirka Emblem. Gjennom fleire lovsangsteam og kor ønskjer vi å styrke gudstenestene våre og skape rom for både deltaking, utvikling og musikalsk mangfald.
Vi har fleire ulike lovangsteam som, med sin ulike stil og uttrykksform, er med og leier lovsangen under gudstenestene. Dette gjev breidde og variasjon i forsamlingssangen, som vert sett stor pris på.
Musikkpastor Ole Andreas Høyberg har hovudansvar for å koordinere dette arbeidet, og for å leie og vidareutvikle sang- og musikktenesta i forsamlinga vår. Har du tankar eller ønsker om å bidra, er du varmt velkomen til å ta ein prat med Ole Andreas. Send han gjerne ein e-post.
Tre ulike kor er knytt til Bedehuskirka Emblem.
Tusenfryd barnekor
Eit barnekor for 1.–7. klasse som øver annakvar måndag (partalsveker) kl. 17.30–18.30. Koret blir leia av Marianne Meland Ødegård og består i hovudsak av barn frå Emblem og Flisnes. Les meir om Tusenfryd.
Respons ungdomskor
For ungdom frå 8. klasse til og med 3. klasse på vidaregåande. Koret blir leia av Arild Berstad, og øver kvar måndag kl. 19.00–21.15. Les meir om Respons.
Emblemskoret
Emblemskoret vart starta opp våren 2025 og er eit kor for sangglade kvinner og menn i alderen 20–55 år. Koret øver annakvar torsdag kl. 19.00 på bedehuset. Dirigent er Anna Britt Sundby. Les meir om Emblemskoret.