OM OSS

HISTORIA VÅR

Emblem Indremisjonsforeining vart skipa i 1901. I 2014 endra vi namn til Emblem bedehusforsamling, og frå 1. januar 2026 heiter vi Bedehuskirka Emblem.

Vi har utvikla oss frå ei tradisjonell indremisjonsforeining til ei aktiv forsamling som tilbyr dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Visjonen vår «Heile liv, med hjarte for Jesus og menneske» uttrykkjer ønsket vårt om å vere ei forsamling gjennom alle livets fasar.

Vi høyrer til den norske bedehustradisjonen, noko vi er både takksame for og stolte av. Samstundes ønskjer vi å vidareutvikle arbeidet slik at vi er ei relevant forsamling for indre bydel av Ålesund.

Forkynninga til evangelisten Carl Olof Rosenius, med si vekt på gleda i Kristus og frimodig nåde, har prega mykje av arven vår. Denne glade og frigjerande kristendomen ønskjer vi framleis å dele med menneska rundt oss.

Bedehuskirka Emblem er tilslutta Indremisjonsforbundet (ImF) og ImF Sunnmøre, og er slik ein del av eit større fellesskap av bedehusforsamlingar frå sør til nord. Som kyrkjelyd har vi eit ope og moderne preg, med friare møteformer og større rom for ulike musikalske og karismatiske uttrykk enn det som tradisjonelt har vore vanleg mange stader.

Som ei evangelisk-luthersk forsamling forvaltar vi sakramenta i tråd med luthersk teologi. Vi feirar nattverd ein gong i månaden, og vi døyper barna våre. Samtidig tilbyr vi barnevelsigning for foreldre som ønskjer det. I spørsmål som rører teologi og kristen livstolkning i vår tid, står vi for ei klassisk kristen forståing.

Les meir om lovene våre her. 

STABEN

Arild Ove Halås

Arild Ove Halås

Pastor

Vår hovudpastor leier staben og arbeidet i forsamlinga. Han har 30 % stilling som pastor, og er i tillegg administrasjonsleiar i ImF Sunnmøre. Arild Ove kjem opprinnelig frå Eide på Nordmøre, er gift med Randi og bur på Flisnes.

99087899
ar******@***********us.no

Ole Andreas Høyberg

Ole Andreas Høyberg

Musikkpastor

Vår musikkpastor er ansatt i 80 % stilling og har hovudansvaret for sangen og musikken i forsamlinga vår. Han har i tillegg ein heil del oppgåver innanfor administrasjonen, og ein del inn mot ungdomsarbeidet. Ole Andreas har vakse opp på Emblem, men bur no på Valle. Han er gift med Marie Helene og dei har gutane Sondre Johan og John Olav.

934 89 899
ol********@***********us.no

Mia Sienna Dale

Mia Sienna Dale

Ungdomsarbeider

Vår ungdomsarbeider starta hausten 2025 i 60% stilling. Mia har sine hovudoppgåver inn mot Emblem U og Respons. Ho har også nokre administrative oppgåver på kontoret. Miar er 20 år og bur i Langevåg i Sula kommune. Ho er også anderårs-student ved bibelskulen Impact 360 Institute i Georgia, USA, der ho var elev i fjor.

95050596

Er dette deg?

Er dette deg?

Barne- og familiepastor

Stillinga som barne- og familiepastor/arbeidar er for tida vakant. Kanskje du kan tenkje deg ei deltidsstilling i dette viktige arbeidet?

STYRET OG ELDSTERÅDET

Eldsterådet Emblem

Eldsterådet er vårt øvste organ i alle åndelege spørsmål og saker. Dei skal handsame og gje råd og veileiing i lærespørsmål, teologiske spørsmål med meir. Dei skal sjå til at forsamlinga lever og arbeider i tråd med sitt eige læregrunnlag. Eldsterådet har også eit vesentleg diakonalt ansvar.

Eldsterådet består av Oddrun Malum Bjørdal, Rune Volden, Tine Kopperstad og leder Kurt Andre Henriksen. Pastor Arild Ove Haåls møter i både eldsterådet og styret med tale og forslagsrett.

Styret Bedehuskirka Emblem

Styret er forsamlinga sitt øvste organ i alt som gjeldt økonomi, jus, praktisk arbeid med meir. Dei skal leie arbeidet vårt mellom årsmøte, og styret har også arbeidsgjevaransvar for dei tilsette.

Dagens styre består av Hilde Giske Lukkedal, Ingvild Flesjå Grønfur, Reuben Møgster, Kari-Anne Osen, Kathy Møgster og Åshild Valbø Sæther (styreleiar).