MEDLEMSKAP

Ønskjer du å bli medlem i Bedehuskirka Emblem, eller har du spørsmål om kva det betyr å vere medlem?

Då kan du ta direkte kontakt med pastor Arild Ove Halås på mobil 990 87 899. Du kan og sende ein e-post til em****@*mf.no

Medlemskontingenten frå 2025 er kr 200 per vaksen per år. For familiar er kontingenten kr 500, og då er alle barn og ungdommar med som medlemmar saman med foreldra fram til det året dei fyller 18 år. Alle medlemmar frå og med 15 år har tale- og stemmerett på årsmøtet m.m.

Bedehuskirka Emblem er tilslutta ImF Sunnmøre, og dermed også ein del av ImF – Indremisjonsforbundet. Vi har arven vår frå bedehustradisjonen, men er samstundes ei moderne forsamling i uttrykks- og arbeidsformer. Vi ønskjer å forene det beste frå bedehusarven med det Gud gjev oss i vår tid.

Vi ønskjer at alle skal oppdage og ta i bruk dei rike nådegåvene kvar einskild kristen får ved Den Heilage Ande. Vi vil utruste kvar einskild til eit levande disippelliv, frå dei yngste til dei eldste. Vi er ei forsamling med særleg sterkt fokus på barna, tenåringane og ungdommane våre.

Dersom du ønskjer å vite meir om trua og teologien vår, eller lurer på korleis dette påverkar deltakinga i forsamlinga, er du velkomen til å ta kontakt. Det same gjeld om du vurderer medlemskap, men ikkje er sikker på om du deler alt forsamlinga lærer. Pastor Arild Ove Halås tek gjerne ein konfidensiell samtale med deg slik at du kan finne ut om medlemskap i Bedehuskirka Emblem er rett for deg.