TENESTEGRUPPER

Vi er mange forskjellige menneske som tilhøyrer fellesskapet i Bedehuskirka Emblem. Vi er ulike når det gjeld i kor stor grad vi kan engasjere oss i arbeidet på bedehuset.

Vi har ulike nådegåver og interesser. Bibelen lærer oss at eit kristent fellesskap er Jesu kropp og at kvar enkelt av oss er ein lem på denne kroppen. Saman utgjer vi det fellesskapet som er den kristne kyrkjelyden.

Det hadde ikkje vore mogleg å ha så mange gode møtepunkt og samlingar i Bedehuskirka Emblem utan alle som er med i ulike frivillige tenester. Vi er djupt takksame for alle som er med og bidreg på mange ulike måtar. Ikkje alle har anledning til å ta på seg konkrete oppgåver, men alle er like varmt velkomne til å vere ein del av fellesskapet vårt.

Ønskjer du å bidra på bedehuset, eller er interessert i å få meir informasjon om dei ulike tenestegruppene kan du følge denne linken: Teneste i Bedehuskirka Emblem

Kontaktinformasjon til dei ulike tenestegruppene