MISJONSPROSJEKT
Bedehuskirka Emblem ønskjer å vere ei forsamling som ikkje berre er oppteken av vårt eige arbeid, men som også bidreg til å spreie den gode bodskapen om Jesus Kristus vidare. Gjennom forbønn, omsorg og økonomisk støtte vil vi ha fokus både på indre- og ytremisjonsarbeidet. Vi har som mål at minst 10 % av alle gåveinntektene våre skal førast vidare til misjonsprosjekta vi støttar.
I nærmiljøet vårt bidreg vi med støtte til arbeidet som ImF Sunnmøre driv, særleg leiararbeidet for barn og unge på Orreneset Misjonssenter og på Brusdalsheimen. Vi gir òg ei årleg gåve til misjonsarbeidet i Radio Sunnmøre.
Vi har til ei kvar tid tre misjonsprosjekt som vi støttar på ulike måtar.
Prosjekt nr 1: Ukraina
Gjennom organisasjonen Ukrainahjelpen Ålesund får vi vere med og arrangere leirar for barn og ungdom i Ukraina. Gjennom samarbeidskyrkjene våre får vi delta i eit omfattande og viktig diakonalt arbeid, mellom anna gjennom utdeling av matkasser til jul. Vi støttar òg eit misjonærpar frå Ukraina som no bur i Tyskland på grunn av krigen, men som fleire gongar i året reiser inn i dei austlege områda med naudhjelp. Etter at krigen braut ut, har fleire ukrainarar som måtte flykte fått ein heim i Ålesund og vorte ein viktig del av forsamlinga vår, noko vi er svært takksame for.
Vil du gi ei gåve til dette arbeidet, kan du bruke VIPPS 619635 – Ukrainahjelpen.
Prosjekt nr 2: Beit Eliahu i Israel
Kyrkjelyden Beit Eliahu i Haifa vart grunnlagd av Den Norske Israelsmisjon og er i dag ei av dei største messianske kyrkjene i Israel. Dei driv eit breitt arbeid for menneske i alle aldrar og har eit tydeleg kall om å nå det jødiske folket med evangeliet om Jesus Kristus.
Prosjekt nr 3: Åpne Dører – Syria
Vi ønskjer å stå saman med våre forfølgde kristne søsken rundt om i verda, og difor har vi i fleire år støtta organisasjonen Åpne Dører. Dei siste åra har vi spesielt bidrege til arbeidet deira i Syria, der kristne lever under svært krevjande forhold i eit land prega av langvarig krig. Gjennom dette prosjektet får vi vere med og gi håp, tryggleik og praktisk hjelp til trusfellar som står i store utfordringar.