BØNN OG FORBØNN

Vi trur at det nyttar å be, og at Gud høyrer når folket hans kjem saman for å be. Øyvind Haugen er vår bønnekoordinator og har ansvar for at det alltid er nokon som er klar for samtale og forbønn i bønnekroken etter gudstenestene. Om du vil kan du også verte med i ei ordning kor du får ein bønne-fadder for deg og eventuelt familien din. Du kan også sjølv vere bønnefadder for nokon.

Om du er sjuk eller har noko som plagar deg, kan du kontakte pastor Arild Ove Halås for å verte salva og bedt for slik Bibelen seier vi kan gjere det (jfr. Jakobs brev kapittel 5).

Vi har bønnesamling på bedehuset kvar tirsdag kl. 20.00-20.45, og vekslar mellom tre ulike variantar.

KVELDSBØNN
Her samlast vi, deler bønneemne og ber høgt eller stille alt etter eige ønskje. Ei uformell samling med rom for å dele livets mange gleder og sorger.

KVELDSMESSE MED NATTVERD
Dette er ei liturgisk kveldsmesse der vi syng saman, held nattverd saman og kor vi også går fram til knelebenken og får tilsagt syndenes tilgjeving.

Kveldsmessene har same mal som liknande samlingar mellom anna på Bibelskulen i Grimstad. Kurt Andre Henriksen frå eldsterådet leier desse samlingane.

KELTISK KVELDSBØN
Velkommen til ein stille kveld. Du kan nytte eigen bibel, eller tekst fra arket ved inngangsdøra.

Vi gir oss sjølve og kvarandre fred, både når vi kjem og går. Du kan kome og gå når du vil, i tidsrommet kl. 20.00-20.45.

Kl. 20.30 samlast vi i halvringen framme, til eit enkelt bønneoppsett som du får tildelt der. Det startar og avsluttast med instrumental musikk. Etter dette kan du framleis bli verande i stillhet til kl. 20.45, eller gå stille ut og heim.

Det er Alfhild Ødegård som har ansvar for desse samlingane, der du får ein smak av den keltiske bønnetradisjonen.