FELLESSKAP

Bedehuskirka Emblem er tilslutta organisasjonen Indremisjonsforbundet (ImF) og ImF Sunnmøre. Slik er vi en del av eit stort nettverk av små og store bedehusforsamlingar frå Kristiansand i sør til Kirkenes i nord.

Forsamlinga vår samlar alle slags menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar, i fellesskap rundt Jesus. Vi har ulike talent, nådegåver og engasjement, og nettopp mangfaldet er ein styrke for fellesskapet vårt. Forsamlinga er Jesu kropp, ikkje berre møte og arrangement vi deltek på, men eit levande fellesskap vi høyrer til og får vere ein del av.  

TENESTEGRUPPER

Det hadde vore umogleg å gjennomføre alle dei gode møtepunkta og arrangementa våre utan dei frivillige som står på og bidreg i tenesta. Vi er svært takksame for kvar og ein som stiller opp, både i store og små oppgåver. Om du ikkje har høve til å vere med i ei teneste, er du sjølvsagt like velkomen som del av fellesskapet!

Er du interessert i å bidra saman med oss?
Gå inn på dette dokumentet og kryss av for den tenesta du ønskjer å vere med på: Teneste i Bedehuskirka Emblem

IMF TRUSSAMFUNN

Sjølv om vi er ei eiga forsamling er vi ikkje eit juridisk kyrkjesamfunn. Som medlem i Bedehuskirka Emblem kan du vere medlem i eit juridisk kyrkjesamfunn i tillegg dersom du ønskjer det. Vi har i dag medlemmar som samstundes er medlemmar mellom anna i Frikyrkja og Den Norske Kyrkja.

Vi har eit tilbod om juridisk kyrkjemedlemsskap i ImF Trussamfunn. Det er gjennom dette trussamfunnet vår pastor mellom anna har vigselsrett.

Du kan lese meir om dette tilbodet her.