KONFIRMASJON
Vi har eige konfirmantopplegg, KONFU, saman med Misjonssalen Ålesund, ImF Ung Sunnmøre og Misjonssambandet region Nordvest. Gjennom to weekendar og 5 superlaurdagar samlast konfirmantane til undervisning og sosialt fellesskap. Super-laurdagane er lagt til Misjonssalen og Emblem bedehus.
Normalt er det ein stad mellom 25 – 45 konfirmantar som er med i KONFU. Dei fleste er frå Ålesundsområdet, men også konfirmantar frå bygdene på Sunnmøre og i Romsdal er med i opplegget.
All undervisning er felles, medan konfirmasjonen skjer i den forsamlinga konfirmanten høyrer heime.
Vi har fast konfirmasjonslaurdag den siste laurdagen i april kvar vår.